Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://www2.binghamton.edu/fbc/commentaries/index.html

Comment nr. 118. Aug. 1, 2003

Har Saddam Hussein tapt?

 

Hadde du vore Saddam og visst at du kom til å tape den andre Golf-krigen, kva hadde du gjort då?

 

Har Saddam Hussein tapt?

 

Svaret er opplagt, seier styresmaktene i USA. Paul Bremer, den amerikanske siviladministratoren i Irak, sa nyleg: «Død eller levande, denne mannen er ferdig i Irak.» Feilen med denne analysen er at han kjem frå det smale perspektivet til ein som er vant til ein styrkeposisjon i det geopolitiske spelet, og som derfor måler siger og tap i eit svært kort perspektiv. Det geopolitiske spelet ser annleis ut frå ein underlegen posisjon, for då må du sjå lenger framover. La oss sjå korleis krigen i Irak kan sjå ut for Saddam Hussein.

 

Arabisk einskap

I 1979 gjorde Saddam Hussein eit blodig kupp mot onkelen sin, og vart sjølv herskaren i Irak. Han starta på ei vedvarande utreinsking av motstandarar.

            Kva ønskte Saddam, utanom rett og slett å halde seg ved makta? Han ville styrkje den arabiske rolla i verdspolitikken. Han var tilhengar av større arabisk einskap, og såg nok seg sjølv som den naturlege leiaren for den arabiske verda, den nye Saladin. Utvilsamt fanst det andre som tenkte seg den rolla, men ingen var så sterke etter at Nasser [president i Egypt 1952-1970, o. a.] var ute av biletet. Dessutan har Bagdad, saman med Kairo, alltid sett seg sjølv som midtpunktet i den arabisk-muslimske verda.

            Saddam såg det som eit mål å ha mange fiendar. I den arabiske verda var hovudfiendane kommunistane og islamistane, og begge hata Saddam. I resten av verda var hovudfiendane Iran og Israel, som hata Saddam, og USA og Russland, som begge håpa at Saddam hata den andre mest.

            Saddam kunne ikkje slåst mot alle fiendane sine på ein gong. Utan å kutte banda til Sovjet innleidde han ei stillteiande semje med USA på Ronald Reagan si tid. Ingen ringare enn Donald Rumsfeld kom til Irak for å skrive under avtalen.

            Kva gjekk avtalen ut på? Irak angreip Iran. Dette var dels for å vinne land, dels for å svekkje sjia-motstanden inne i Irak, dels for å få panarabisk prestisje, dels for å styrkje sitt eige militærvesen.

            USA, som på den tida såg Iran som hovudfaren for interessene sine i Midt-Austen, tykte dette var ein framifrå idé, og gav (direkte og via allierte som Saudi-Arabia) militært utstyr, biologiske og kjemiske våpen og etterretningsstøtte til Saddam Hussein. (Sant nok hadde Frankrike noko tidlegare gjeve irakarane det første puffet framover med å skaffe seg atomvåpen, men i mellomtida hadde Israel bomba desse anlegga.)

 

Sovjet forsvann

Irak-Iran-krigen var ein fiasko frå Saddam sitt synspunkt. Etter åtte år med strid var alle tilbake der dei starta, men etter massive tap av liv og ressursar. Men krigen heldt iranarane opptekne, og det var eit pluss for USA. Saddam kravde lønn for strevet, men både USA og Saudi-Arabia var trege med å svare. Akkurat på denne tida braut Sovjetunionen saman. Den kalde krigen var over. For Saddam Hussein var dette ei stor bør som vart borte. Rett nok hadde Sovjet jamt og trutt skaffa Irak våpen, men prisen for det var at Irak ikkje kunne gjere noko som ville skade forholdet mellom USA og Sovjet. Endeleg var Saddam kvitt det hinderet.

            I 1990 var Irak i økonomiske vanskar. Prisen på olje var låg på verdsmarknaden, og krigen med Iran hadde kosta mykje. Kuwait insisterte på at krigslåna skulle betalast tilbake.

            Saddam rekna nok omtrent slik: Å invadere Kuwait vil utvilsamt bli kalla aggresjon. Men kan eg sleppe unna med det? Kven vil svare? Berre USA kunne vere i stand til å gjere noko seriøst, og USA hadde lenge vore tvitydig i forholdet til Irak.

 

Kom til å tape

Dersom USA veik unna, hadde Saddam vunne. Dersom det svara, vart det krig. I verste fall ville Irak truleg kome ut utan å tape, for USA ville ikkje våge å invadere Irak. Ein invasjon ville ha kosta for mange amerikanske liv, og okkupasjonen ville ha kosta for mykje politisk.

            Så etter den første Golf-krigen fekk Saddam våpenkvile omtrent der han hadde starta. Nokre tap hadde han lidd. Delar av hæren og luftvåpenet var borte. Ein de facto kurdisk stat var oppretta i nord, men ingen sjia-stat i sør. Han var underlagt eit FN-regime for å gjere ende på masseøydeleggingsvåpna sine. Då han var i stand til å utvise FN-inspektørane i 1998, var det meste av masseøydeleggingsvåpna borte.

            Då George W. Bush kom til makta, visste Saddam at han var i vanskar, sidan dei fleste av rådgjevarane til Bush hadde offentleg gått inn for å kaste Saddam berre nokre år før. Så kom 11. september. Saddam må ha visst at han sjølv, ikkje Osama bin Laden, måtte svi for dette. Så han sleppte inn att FN-inspektørane i vissa om at dei ikkje kunne finne noko, sidan han tydelegvis hadde øydelagt eller ikkje erstatta dei øydelagde masseøydeleggingsvåpna. Snart vart det likevel klårt at ingen ting Saddam kunne gjere, kunne stoppe den amerikanske invasjonen, sidan poenget med den var å fjerne Saddam og opprette amerikansk herredømme i regionen.

            Men dersom han ikkje lenger hadde masseøydeleggingsvåpen, kvifor sa han ikkje frå? Vel, faktisk gjorde han det, men ingen trudde på han. Så kva kunne han gjere? Han visste at hæren hans ikkje var særleg sterk, og han visste at han kom til å tape den andre Golf-krigen.

 

Førebuingar

Hadde du vore Saddam og visst at du kom til å tape den andre Golf-krigen, kva hadde du gjort då? Jau, du hadde sjølvsagt førebudd den tredje Golf-krigen. Korleis då? For det første måtte du sikre at flest muleg av dei relativt få innbitne lojale styrkane dine overlevde. Derfor lét du motstanden bryte saman tidleg og dramatisk. Det andre du måtte gjere, var å skape massiv uorden gjennom systematisk plyndring. Det tredje var å starte geriljakrig, først retta mot amerikanske soldatar og så mot kollaboratørar.

            Så kunne du ta det med ro og vente på slitasjen i den amerikanske maktposisjonen. Med tida kunne du rekne med at opinionen ville snu på to avgjerande stader: I USA ville støtta til operasjonen smuldre bort med det jamne tapet av liv, dugløysa med å få ordna opp i Irak og avleiingsmanøvrane frå Bush-regimet. I Irak ville biletet av torturisten Saddam med tida vike for biletet av den nasjonale motstandshelten Saddam. Sjølv om USA skulle greie å finne og drepe Saddam, kunne dette biletet av han overleve. Og biletet av USA, frigjeraren, ville i alle fall falle saman.

            Dette er ikkje heilt som å vere Saladin, den naturlege leiaren for den arabiske verda, men i knipa må du ta til takke med det du kan få. Bush trur at dersom han feller Saddam, så har han vunne. Men Saddam trur at dersom han feller Bush, så har han vunne. Vi får sjå kven som får rett.

 

Immanuel Wallerstein

 

Copyright Immanuel Wallerstein. Alle rettigheter er reservert. Det er lov å laste ned, sende videre elektronisk eller eposte til andre og til å sende denne teksten til ikke-kommersielle idealistiske internettsider, såfremt teksten forblir inntakt og copyright-meldingen er med. For å oversette teksten, publisere den i trykt og/eller andre former, inkludert komersielle internettsider og utdrag, kontakt forfatteren på iwaller@binghamton.edu; fax: 1-607-777-4315.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett,

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage